Prøv oss i 14 dagar heilt uforpliktande!

MØT VÅRE

personlege trenarar

Heiane Trening & Helse kan tilby trening med personleg trenar på eit eige lukka treningsrom på vårt hovudsenter på Heiane.
Våre personlege trenarar kan hjelpa deg til å nå dine mål på ein sunn og sikker måte. Me garanterer framgang ved bruk av PT, og du vil i tillegg få meir effektiv trening og auka motivasjon for trening og betre helse. Du vil òg få meir kunnskap og sikrare treningsøkter enn om du trener på eigenhand.

Kor ofte du ønskjer å trene med PT bestemmer du heilt sjølv, men dei beste resultata oppnår ein over tid. Dersom du ønskjer å trene saman med ein venn, eventuelt fleire, kan me tilby PT-DUO og PT-timar i små grupper. Då deler dykk opplevinga og kan motivera kvarandre, samstundes som dykk får rettleiing og trener saman med PT. Dessutan vert prisen ramlegare for kvar enkelt om ein trener fleire saman.

Me har pr. dags dato tre dyktige sertifiserte personlege trenarar som jobbar hos oss. Dei har høg fagleg kompetanse innan trening og kosthald, og har alle utdanning frå Norges Idrettshøgskule, AFPT, Active Education eller tilsvarande. Me kan hjelpa deg med alt i frå rehabilitering, opptrening etter graviditet, seniortrening, uthaldenheit, muskelvekst, vektreduksjon og funksjonell trening m.m.

Jørn Hammer
Personleg trenar
#

Eg er ein positiv, utadvendt og imøtekomande personleg trenar med lang erfaring.

Min  motivasjon for trening starta etter at eg pådro meg ein yrkesskade. Dette blei etter kvart min hobby, og førte til at eg ønska å lære meir om samanhengen mellom helse og trening. Starta då utdanning ved Norges Idrettshøgskule. Denne kunnskapen deler eg no  med mine kunder.

Alle er velkomne til å ta kontakt med meg dersom du ønsker effektiv og målretta trening,  uansett om det gjeld styrketrening, kondisjon eller skadeforebyggande trening. Treninga tilpassar me til ditt nivå og ønskjer.

 Utdanning:

Personleg Trenar, fitnessinstruktør og sykkelinstruktør fra Norges Idretthøgskule i Oslo. Kostrettleiar, fra «Din Kost» i samarbeid med Norges Idrettshøgskule i Oslo. Kettlebellsinstruktør 1, fra Allan FallrøInstruktør iQniter pulssystem.

Spesialitetar og fokusområde:

Styrketrening. Kettlebells, Slyngetrening, Personlig rådgiving, 1:1 trening, Gruppetrening, innandørs sykling, Sirkeltrenig, Bootcamp, Alternative treningsmetodar, Rehabilitering, Seniortrening, Gravide, Tett oppfølgning.

M: 90156833 // E: jorn@heianetreningoghelse.no

Tony F. Gbelee
Personleg trenar

Tony har stor kunnskap og erfaring innan trening og helse, og kan hjelpa deg med alt i frå muskelvekst til vektreduksjon m.m.

Som personleg trenar er han positiv og engasjert, samt lidenskapeleg opptatt av trening og kosthald.
Han jobbar målretta for at andre skal få gode treningsopplevingar og nå sine mål på ein sunn og sikker måte.

Lengst erfaring med ungdom og vaksne. Jobbar godt med folk i alle aldrar.

Utdanning: 

Personleg Trenar | Akademiet For Personleg Trening (AFPT) Miami

Førstehjelp kurs | AFPT

Antidoping kurs | Antidoping Norge | AFPT

Spesialitetar og fokusområde: 

Funksjonell trening, 1:1 trening, Vektreduksjon, Muskelvekst, Styrke og Uthald.
Tett oppfølging og bruk av rett teknikk preventivt mot skadar.

T: 97 70 69 88 // E: tony@heianetreningoghelse.no

 

Veslemøy V. Eilertsen
Personleg trenar
#

Veslemøy er ein imøtekomande og glad personleg trenar. Ho er lidenskaplig opptatt av trening og helse, og at andre skal nå sine mål.

Få hjelp av Veslemøy dersom du ønskjer å oppnå gode resultat, på en sunn, gøy og effektiv måte. Ho kan hjelpe deg med alt i frå vektredusjon, til muskelvekst, uthald, styrke og meir.

Utdanning: 

Personleg trenar / Akademiet for personlig trening (AFPT)

Hypertrofi (muskelvekst) kurs m/Børge Fagerli / AFPT

Førstehjelp kurs / AFPT

Spesialitetar og fokusområde:

Muskelvekst, Styrke, Funksjonell trening, Trening for eldre, Vektreduksjon og Uthald

 T: 99 52 88 68 // E: veslemoy_eilertsen@hotmail.com

 

Ringvegen 45, 5406 Stord
post@heianetreningoghelse.no

Heiane

man, ons, tor: 08.30 – 21.00

tysdag:   16.00 – 21.00

fredag:  08.30 – 17.00

laurdag: 10.00-12.00

T: 53 40 10 50

Er det noko du undrar på?