Prøv oss i 14 dagar heilt uforpliktande!
BASISBALL
RAW: Trening med medisinball. Ein time som passer for alle, uavhengig av form og alder. Hovudfokus på denne timen er uthaldande og eksplosiv styrke. I tillegg stiller dei fleste øvingane krav til stabiliserande styrke. Ei treningsform som fokuserer på treningseffekt for store delar av kroppens muskelgrupper.
ATHLETIC: 45 min med tempo, uthald, koordinasjon og styrke. Allround basistrening inspirert av idretten. Me brukar blant anna medisinballar, hoppetau og jumpbox.
CenterCore: Ein effektiv basistime som har fokus på kjernemuskulatur, som skal sikre grunnlaget for ein sterk og funksjonell kropp.
Du vel sjølv tyngde på medisinballen du trenar med. Me har lisensierte instruktørar.
SPINN
Dette er innandørs sykling og passar for alle! Du styrer sjølv motstanden og vel sjølv om du vil stå eller sitja. Trening med lite belastning på kne og rygg. Ein trener både kondisjon og forbrenning.
Ønskjer du meir resultatretta trening kan du kjøpe SUUNTO pulsbelte / klokke hos oss. Registrer deg i systemet og du vert knytt opp mot pulsbiletet på storskjem. Resultatet vert sendt direkte til deg på epost etter kvar økt.
Somme timar køyrer me film, då følgjer me spanande løyper på storskjerm.
ZUMBA
Gøy, effektiv trening og latino-inspirert trening. Inneheld daneseelement frå dance-fitness med eksotiske rytmar som salsa, merengua, cumbia, reggaeton og flamenco/bellydance. Denne kjekke og energiske treningsforma passer for folk i alle aldrar om du har danseerfaring eller ikkje.
Stegaog bevegelsene er lettlærte. Velkommen til en time med mykje smil, latter, moves og danseglede. Lisensierte instruktørar.
Zumba Basic 2 + Toning legg instruktøren inn styrke og stram opp øvingar med kjekke Zumba-manualar. Super-effektivt og kjempe kjekt.
D.I.M. & TØY

D.I.M. & tøy tydar Djup Intensiv Muskeltrening og tøying. Dette er timen for deg som vil stramma opp og bli mjukare i kroppen. Timen er roleg og passar for alle i alle aldre. Me brukar kun eigenvekt, ingen vekter. Sete, lår, legg, mage og korsrygg er plassane me har fokus på. Me tøyer både før, under og etter styrkeøvingane.

STYRKE m/ STANG

Styrke med stang er ein effektiv styrketime som tar for seg alle store muskelgrupper. Me nyttar vektstenger som hjelpemiddel og brukar tunge vekter med få repetisjonar. Denne timen passar for absolutt alle og kan med fordel kombinerast med kondisjonstimar.

 

KOMBITIME / STYRKESIRKEL
Kombitime: Me kombinerer styrke i maskinar og kondisjon på ro-maskinar. Ein knallkjekk og effektiv time som passar for alle, uansett alder eller tidlegare trening. Maskinane er enkle å bruke og du vel sjølv motstand på apparata. God stemning og med instruktør som rettleiier undervegs. Veldig fin måte og oppretthalde formen på men og ein super måte og koma i gong.
Styrkesirkel: Me brukar same maskinane på denne timen, men her anbefalar me 30 minutt kondisjonstrening i forkant av timen. F.eks. Spinn 30 min.
SPINN m/ FILM

Innandørs sykling med film på storskjerm. Me følgjer spanande løyper der ein kan sjå kvar ein skal liggje på puls nederst på skjermen. Det er puls sone frå 1-5 som er Borgskala.

NR1 HIIT

Ein 30 minuttars høgintensiv intervall time utan utstyr som utfordrar kondisjon og styrke.
Timen består av oppvarming og 5 ulike intervallar med korte arbeidsperiodar og korte pausar.
Timen kan tilpassas kvar enkelt og ein jobbar i sitt eige tempo. Dette er ein svært effektiv form for trening, der du garantert vil oppnå gode resultat på kort tid. HIIT står for Høg Intensitet Intervall Trening, og går ut på det å veksle mellom korte, tøffe intervallar og kvile. Fokus på fettforbrenning og kondisjon med øvingar for heile kroppen. Ein tøff, utfordrande og samstundes knallkjekk time.

TILRETTELAGT FRITID – SIRKELTRENING

Me brukar småsalen og har instruktør som følger heile timen. Me trenar i enkle apparat og har det veldig kjekt i lag. Støttekontakt eller anna følgeperson er hjerteleg velkommen til og vere med på timen og i nokon tilfelle er dette eit behov.

DANSELEIK

Tilrettelagt dans og leik som passar for både gutar og jenter i alderen 6 – 11 år. Dansen er blant anna inspirert av Zumba. Me har per i dag 2 kurs, basert på alder. Gruppe 1: 6 – 8 år, timen varar ca. 40 minuttar og vert leia av Linda S. Västerlund. Gruppe 2: 9 – 11 år, timen varar ca. 45 minuttar og vert leia av Hanna Karlsen & Gunn Maraas. Timane følgjer skuleruta. Ta kontakt for meir informasjon.

BEDRIFTSTRENING

Enkelte bedriftar har treningsavtale med oss der dei får ein eigen gruppetime med instruktør, to ganger i veka. Bedriftstimane er kun for tilsette ved aktuell bedrift. Vanlegvis går gruppetimen ut på 30 min kondisjon + 30 min styrke. Spinn 30 + Styrkesirkel, men me kan òg tilby andre typar trening som f.eks. BasisBall, Styrke m/ Stang, Nr1 HIIT mm. Friske tilsette = mindre sjukefråver.

BOSU – Stram opp / rumpe og lår

BOSU står for ”both sides up”. Forma som ein halv ball, er den eine sido til BOSU forma som ein kuppel og den andre sido ein hard plattform som du kan stå på. Denne timen er det fokus på trening av rumpe og lår, samt mage, rygg, kondisjon og balanse. BOSU kan brukas for å styrke ledd, forebygge og opptrening av skader og gi variasjon i kva som helst treningsprogram. Passar for alle.

Ringvegen 45, 5412 Stord
2.etg. Heiane Storsenter
post@heianetreningoghelse.no

Heiane

man, ons, tor: 08.30 – 21.00

tysdag:   16.00 – 21.00

fredag:  08.30 – 17.00

laurdag: 10.00-12.00

T: 53 40 10 50

Er det noko du undrar på?