Regler

 
  • Me er svært stolt av vårt fine barnerom, og håpar at borna trivest hos oss.
  • Me har laga nokre retningslinjer, som kan vere til hjelp for deg som brukar barnerommet, og oss som arbeider her.
  • Om barnet ditt har nokon form for allergi set me stor pris på å få vita dette.
  • Borna kan ikkje ha med seg ”snop”, mat eller drikke inn på barnerommet, då dette kan freista dei andre borna, og det kan vere  einkvan som har allergiar og diverse.
  • På den kalde årstida er det fint om borna har med seg innesko eller tjukke strømper.
  •  N.B!   Me ser helst at foreldra bruker garderoben til å lagre tinga sine i...
  • Me tar ikkje ansvar for bleiebyte, og reknar med at det er forståing for at me hentar foreldra dersom det har gått gale….. 
  • Nokre barn brukar gjerne litt lengre tid på å venne seg til barnerommet, men som oftast går det seg til raskt. Bruk gjerne litt tid på barnerommet saman med barnet. 
  • For oss som arbeider på barnerommet er det og viktig at borna vert henta til rett tid, me har kanskje andre avtalar og arbeidsoppgåver som ventar på oss.

     

Helsing oss på barnerommet.

<< -tilbake