Medlemsinfo

Image of 436257

Velkomen som medlem hos oss.
Me håpar at du vil trivast, og at du vil nytta deg av dei fleste tilboda våre.
For å gjere det enklast mulig for deg har me laga litt generell informasjon.
 
Kursplanen vert endra litt ved kvar sesong. Dette vert haust og vår. Det vert og litt små endringar i forbindelse med sommarferie, jul og påske. Me set pris på å få ynskje og tilbakemeldingar frå dykk når det gjeld dette.
 
Resepsjonen. Her sjekkar du deg inn . Alle skal sjekke seg inn ved hjelp av medlemskortet som vert registrert på data.
Her gir du og beskjed om du skal vere med på timar i sal. Du vil då få eit registreringskort, som instruktøren samlar inn.
 
Barnerommet  er bemanna til faste tider morgon og kveld. Du kan sjølvsagt nytta rommet elles og dersom du har barn som ikkje treng tilsyn. Me set då pris på om rommet vert rydda etter bruk.
Har barnet ditt noko form for allergi, eller andre ting me må ta omsyn til, er det viktig at barnevakta får beskjed om dette. Me vil helst ikkje at barna har med seg snop på barnerommet, av omsyn til dei andre barna.
Små barn som ikkje kan sitte sjølv, bør ha med barnesete.
Born kan ikkje opphalde seg i treningslokala, då me ikkje kan stå ansvarleg for eventuelle personskader.
 
Styrkerom og kondisjonsavdeling . På grunn av hygienen ser me helst at du nyttar handklede på styrkemaskinane. Det heng og papir og desinfekt her, som kan nyttast dersom ein sveittar svert mykje.
Me ynskjer å ha eit triveleg miljø, og ber difor om at kvar og ein er med på å rydda vekter og div.utstyr på plass etter seg.
For å unngå for mykje venting og kø ved apparata, er det fint om ein ikkje sit på apparata i pausen mellom setta, men at ein deler med andre.
 
Spinningsalen Her vert det mykje slit og sveitte! Timen vert ikkje sett i gang før instruktøren ser at alle har drikke med. Det er og viktig å ha med eit lite handklede som du legg på styret framføre deg. Etter timen skal syklane tørkes med papir og desinfekt, som heng i lokalet.
 
Garderobar.Her er det låsbare skap. Me sel billege hengelåsar i resepsjonen. Det er ikkje tillete å ha sko eller andre ting ståande i garderobane etter at ein er ferdig å trena.
 
Det er kun medlemer som har lov å opphalde seg i garderobar og lokaler ellers. Har du vener som ynskjer å sjå korleis me har det kan ein av våre tilsette vise dei rundt. Dette er av hensyn til våre medlemer. Det kan virke svert negativt viss det går folk og trør mellom dei som trenar.
 
Me vil ynskja deg ei kjempegod treningsøkt, og håpar at du saman med oss kan nå dei måla du set deg!
Skulle det vere noko du lurer på så spør oss, me er her for deg.